Place of work: Norway, Rogaland
Type of job contract: full time

Required education: No specifications
Offered salary: Not specified
Number of positions: 1

JOB DESCRIPTION:

Bryne er byen på Jæren og er kommune- og skulesenter i Time kommune. Regionssenteret Bryne er drivkraft for næring, læring og kultur. Time kommune har om lag 17 900 innbyggjarar. I Brynebyen bur det ca. 10 000 innbyggjarar og det er lett å koma hit. Med toget tek det 30 minutt frå Stavanger, 15 minutt frå Sandnes stasjon og 35 minutt frå Egersund. Sommarvikar ved heimetenesta Me søkjer Me treng ferievikarar i tidsrommet 20. juni - 21. august ved heimetenesta. Spesifiser kva periode du kan arbeide. Du legg inn søknad ein gong under den avdelinga du primært ønsker å jobbe. Viss du samstundes er interessert i å søke i ei av dei andre einingane, kan du skriva dette i søknaden Om arbeidsplassen Heimesjukepleie vert gitt til heimebuande i alle aldrar som treng somatisk hjelp. Heimesjukepleien har som mål at brukarane skal få bu i eigen heim så lenge som råd, også ved alvorleg sjukdom. Tilbodet om heimesjukepleie gjeld for menneske med kronisk sjukdom, fysisk funksjonssvikt og andre helseproblem som gjer at ein treng hjelp for å kunne bu heime. Heimesjukepleia er delt inn i 3 geografiske distrikt som dekkjer heile kommunen. Me gjer hjelp 24 timar i døgnet. Kvalifikasjonar Er du fagutdanna, elev, student eller har erfaring innan pleie og omsorg, vil me gjerne at du tek eit ferievikariat hos oss. " Dersom du har annet morsmål enn norsk, må du dokumentere at du har språknivå tilsvarende B1. Gjelder ikke søkere med et skandinavisk språk som morsmål." Det er krav om godkjent autorisasjon for fagutdanna Andre krav Du må vera fylt 18 år. For å arbeida i miljøtenesta vert det kravd politiattest. I heimetenesta må dei tilsette ha førarkort. Kvalifiserte søkjarar som kan arbeide heile ferien vert prioritert. Me tilbyr Me tilbyr kommunale lønns- og tilsettingsvilkår samt stipendordningar til studentar innan sjuke- og vernepleie. Elektronisk søknadsprosess Time kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det er ikkje høve til å leggja ved attestar og vitnemål. Desse må du ta med til eit eventuelt intervju. Viss du har spørsmål til søknadsprosessen, kan du kontakte personalavdelinga via servicetorget på tlf. 51 77 60 00. For fullstendig utlysningstekst og elektronisk søknadsskjema: [Klikk her]Søknadsfrist: 28,02,2016

Work hours:

  • Without entering work hours

Requirements




source: https://www.ec.europa.eu/eures

  
     


Back to search