Place of work: Norway, Oppland
Type of job contract: full time

Required education: No specifications
Offered salary: Not specified
Number of positions: 1

JOB DESCRIPTION:

Vestre Slidre kommune har om lag 2 300 innbyggjarar og har varierte fritidstilbod og eit mangfaldig kulturliv. Her er også godt skule- og barnehagetilbod. Kommunen ligg strategisk til mellom fjord og fjell med tanke på eit allsidig friluftsliv. Ved grunnskulen i Vestre Slidre er det i samband med svangerskapspermisjonar ledige vikariat frå og med 04.04.16 til og med 16.06.16 som lærar. Det er mogleg med tidlegare oppstart. Det er ynskjeleg med kompetanse til å undervise i engelsk på barnesteget. Samt engelsk, norsk og tysk på u-steget. Søkjarar utan den kompetansen er også velkomne til å søke. Vi søkjer: - Engasjerte medarbeidarar med god fagleg kompetanse og tydeleg klasseleiing - Relevant utdanning og erfaring - Gode samarbeidsevner - Interesse for utviklingsarbeid Det vil bli vektlagt om søkjarane er personleg eigna. Vi tilbyr: - Løn og arbeidsvilkår etter dei reglar som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglement og tariffavtalar - Gode pensjons- og forsikringsordningar Kontaktperson: Nærare opplysningar om stillinga kan gjevast av rektor, Janne Opheim, tlf. 97602202 Vurdering av søkjarar og tilsetjingar vil skje fortløpande frå søknadsfrist. Eit godt arbeidsmiljø er prega av mangfald. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn. Arbeidsplassen vil bli tilrettelagt ved behov. Det vert gjort merksam på at namnet på ein søkjar kan bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har bedt om at namnet blir unnateke offentleg søkjarliste. Ønskje om å bli unnateke offentleg søkarliste må grunngjevast i søknaden, jf. offentleglova § 25, andre ledd. Søkjaren vert varsla dersom ønskje ikkje kan takast til følgje. Det vert bede om at søknad, med attestar og vitnemål, vert sendt elektronisk via https://e-skjema.no/VestreSlidre. Merk søknaden med arkivsak 16/136. Når søknaden er sendt, vil du få kvittering på at søknaden er motteke. Ta kontakt om du ikkje får kvittering. Om du ikkje kan sende attestar og vitnemål digitalt, må dei sendast per post innan søknadsfristen går ut til: Vestre Slidre kommune, Slidrevegen 16, 2966 Slidre. Søknadsfrist: 03.03.16 Søknad sendes: Slidrevegen 162966 SLIDRE

Work hours:

  • Without entering work hours

Requirements




source: https://www.ec.europa.eu/eures

  
     


Back to search