Místo práce: Norsko, Vestlandet
Typ pracovní smlouvy: na plný úvazek

Požadované vzdělání:
Nabízený plat: 0.00 NOK / ročně
Počet míst: 1

pracovní oblast

Odborní pedagogičtí pracovníci
   Vysoké školy
        Vysoké školy

NÁPLŇ PRÁCE:

UNIVERSITETET I BERGEN (UiB) er eit internasjonalt anerkjent forskingsuniversitet med over 14 000 studentar og vel 3500 tilsette ved seks fakultet og Universitetsmuseet. Universitetet er lokalisert midt i hjartet av Bergen. Det viktigaste bidraget universitetet gjev til samfunnet er framifrå grunnforsking og utdanning med ei stor fagleg breidd.  Jobbnorge ID: 117113 Ved Institutt for geografi, Universitetet i Bergen, er det ledig ei stilling som stipendiat i naturgeografi. Stillinga er for ein åremålsperiode på 4 år, knytt til prosjektet «Berekraftig vasskraft på Vestlandet».   Om prosjektet/arbeidsoppgåver:   Stipendiaten vil vere ein del av naturgeografigruppa ved Institutt for geografi, men også knytt til instituttet si satsing innan klima- og energiomstilling «Spaces of Climate and Energy Lab» (http://spacelab.b.uib.no). Stillinga er knytt til prosjektet «Berekraftig vasskraft på Vestlandet» som er finansiert av Akademiaavtalen mellom Statoil og Universitetet i Bergen. Prosjektet tek sikte på å gjere ei heilskapleg analyse av eit typisk vestnorsk vassdrag og ser på endringar i det hydrologiske systemet både i tid og rom. Etter siste istid har det vore store naturlege variasjonar i nedbør og temperatur som kan vere analoge til prognosar for menneskepåverka klimaendringar i dette hundreåret med høgare lufttemperatur, auka nedbør og meir ekstremvær. For Vestlandet inneber dette ei rekke utfordringar knytt til produksjon og framføring av fornybar energi. Forenkla baserast vasskrafta på Vestlandet på sommarlagring av snøsmelting frå "snøen som felt i fjor" for kraftproduksjon påfølgjande haust, vinter og vår. Samstundes er flomregimet på Vestlandet knytt til store nedbørsmengder på haust og tidlig vinter. Romlege og temporære endringar i nedbørssyklusen vil difor kunne verke inn på tilstrøyming og lagring av vatn og på produksjonen av vasskraft i vår region. Prosjektet tek sikte på å rekonstruere naturlege variasjonar i nedbørssyklusen basert på endringar i brestorleik, flomfrekvens og skråningsprosessar i fortida, samt å vurdere og modellere kva effekt dei forventa klimaendringane i regionen vil ha på dreneringsfeltet i framtida. Ei fullstendig prosjektskildring er tilgjengelig for søkjarar som tek kontakt med prosjektansvarleg (sjå under). Søkjarar skal gjere greie for motivasjonen for å søkje denne stillinga og korleis søkjar ser for seg å gjennomføre prosjektet. Det er viktig for gjennomføringa av prosjektet at stipendiaten kan arbeide sjølvstendig og strukturert.   Undervisningsplikta vil vere knytt opp mot blant anna vatn som landformdannande agens, grunnvatn og GIS. Vidare må den som vert tilsett kunne inngå som ein integrert del av ei eller fleire forskingsgrupper, både i samband med ordinær undervisning, feltundervisning, forsking og formidling. Gode samarbeidsevner er difor eit absolutt krav. Gode ferdigheiter i engelsk både skriftlig og munnleg er naudsynt og det er viktig å beherske norsk da dette i hovudsak er undervisningsspråket på lågare grad.   Kvalifikasjonar og eigenskapar: Mastergrad i naturgeografi eller tilsvarande utdanning. Graden må vere avlagt innan søknadsfristen. Minstekravet for søkjarane skal normalt vere B, eller betre, både på masteroppgåva og for mastergraden som heilhet. Erfaring med GIS, analyse av sedimentkjernar og kvartærgeologisk kartlegging Kompetanse i fjernanalyse, hydrologi og hydrogeologi vil bli vektlagd saman med erfaring og/eller interesse for modellering Arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner Stor arbeidskapasitet og ha entusiasme for forsking Nytte engelsk skriftleg og munnleg Gode norskkunnskapar   Aktuelle kandidatar vil bli innkalla til intervju.   Om stipendiatstillinga: Samla stipendiatperiode er 4 år, der 25 % av tida er pliktarbeid, knytt til forsking, undervisning og formidling. Om du tidligare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.  

Pracovní doba:

  • Bez zadání pracovní doby

Požadavky




source: https://www.ec.europa.eu/eures

  
     


Zpět na vyhledávání