Místo práce: Norsko, Vestlandet
Typ pracovní smlouvy: na plný úvazek

Požadované vzdělání:
Nabízený plat: 0.00 NOK / ročně
Počet míst: 1

pracovní oblast

Úředníci ve službách a obchodě
   Pracovníci poskytující různé informace
        Úředníci cestovních kanceláří

NÁPLŇ PRÁCE:

Kunsthuset Kabuso og Ingebrigt Vik museum søkjer to vikarar: Ein omvisar i 11 % stilling og ein ringevikar. Kunsthuset Kabuso vart opna i  januar 2006, som Hordaland Fylkeskommune sin tusenårsstad, og ligg i Øystese ,  Hardanger. Kabuso er eit kunstsenter med skiftande kunstutstillingar og konsertar. Ingebrikt Vik museum rommar ei vakker skulptursamling etter bilethoggaren Ingebrigt Vik. Kabuso og IVM inngår i Hardanger og Voss Museum. Omvisaren har ei viktig rolle i Kabuso si publikumsretta verksemd. Hovudarbeidet vil vera å ta imot dei vitjande på ein god måte, og halde omvisingar i utstilling og Ingebrigt Vik museum. Ein viktig del av stillinga inneber arbeid i kaféen, med servering, matlaging og reinhald. Det vert i tillegg varierte arbeidsoppgåver i samband med konsertar og arrangement, og noko museums- og resepsjonsarbeid. Den eine stillinga svarar til 11 % med arbeidstid kvar 3. helg etter på førehand avtalt turnus. I tillegg lyser vi etter ein ringevikar. Arbeidstida er hovudsakleg i tidsrommet 11-16 laurdag og sundag. Me ynskjer i tillegg at dei me tilset, ved behov og etter avtale, kan vere tilgjengeleg på kvardagar på dagtid og i enkelte tilfelle på kveldstid under arrangement og konsertar. Tilsetjing ut 2015, med moglegheit for vidare forlenging. Me søkjer serviceinnstilte personar som har stor interesse for kunst og musikk, snakkar godt norsk og engelsk, er positiv og engasjert, er allsidig og fleksibel, har god orden og gode samarbeidsevner. Personlege eigenskapar vil verta vektlagd. Løn etter avtale. Spørsmål rettast til fagleg leiar Synnøve Marie Vik, tlf. 47 47 99 83 / 971 44 741 Søknad med CV og referansar sendast til: personal@hvm.museum.no Søknadsfrist 7. september 2015.

Pracovní doba:

  • Bez zadání pracovní doby

Požadavky




source: https://www.ec.europa.eu/eures

  
     


Zpět na vyhledávání